- Laurdagen var elektrisk.
| Knut Storvik | |
| Publisert 07.03.2010 kl 13:13 Oppdatert 15.03.2010 kl 09:56 |
Arrangementsansvarleg i Kvitfjell, Svein Mundal, er strålande fornøgd med world cup-helga, trass i at det var litt glisne tribuner på søndag.
- Det er laurdag som er den store festdagen for publikum og det er nok ein del som festa til langt på natt i går, seier Mundal.
Han anslår at 10.000 personar har vore og sett på alpinsirkuset i helga.
- Vi reknar med at det var 8.000 personar i målområdet, mens 2.000 var oppover bakken, seier Mundal.
Yrande liv
Laurdag var det fullt av folk i området og det var knapt så ein kunne røyve seg inne i målområdet. Mundal fortel at det er eit resultat av ei bevisst satsning.
- Alpint er show og i år lyfta vi oss eit hakk til på kulturfronten. Å hyre inn Alexander Rybak var nok eit lurt trekk, og det hjelp sjølvsagt på at dei norske gjorde det så bra i OL, seier Mundal.
Peer Gynt- stemnet starter i morgen
- se klipp fra Trønder og Døl her
SkeiGausdal Tre personer måtte legebehandles, to på sykehuset, etter to hyttebranner i natt. Les mer