...
Den nye løypemaskina på Venabygdsfjellet skal lage perfekte skiforhald til skifolket. Foto: Knut Storvik

Satsar stort på løypepreparering

Venabygdsfjellet ruster opp i kampen om turistane. Eigar av Spidsbergseter Gudbrandsdal hotell, Kjartan Spidsberg, lover skiløyper av topp kvalitet etter innkjøp av nye løypemaskiner.

Knut Storvik E-post
Publisert 05.03.2010 kl 13:22 Oppdatert 05.03.2010 kl 13:29

Tips en venn på e-post:

Bilder av nymaskina

...

På Venabygdsfjellet blir det topp skiløyper heretter.

Se bilder

LES OGSÅ:

Spidsbergseter vil bygge tre ganger så stort 22.06.10 - 09:28

På toppen av Venabygdsfjellet ligg Spidsbergseter. I alle retningar du kan sjå er det skispor og natur som ein berre kan drøyme om. Med desse forholda skulle ein tru at det florerte av turistar, men det gjer det ikkje.

- Det har aldri vore hardare konkurranse om turistane og skifolket, seier Spidsberg.

Han fortel at krava til reiselivsbedriftene har vorte større og fleire.

- Folket forlanger kvalitet. Er ikkje løypene gode nok, så dreg dei heller ein annan plass. Nå har folk superutstyr og ungane vil skøyte - eitt spor er definitivt gamaldags. Nå skal det også vere skøytetrase ved sidan av, seier Spidsberg.

To nye maskiner

Med ein prislapp på 2,7 millionar kroner og 1,5 millionar kroner har to flunkande nye løypemaskiner funne vegen til Venabygdsfjellet.

- Det er nesten ikkje grenser på kva du kan gjere med desse maskinane. Dei har fres, glattebrett og to separate sprofresarar. Det gjer at ein kan frese opp isen slik at du får perfekte spor, seier Spidsberg.

Maskinane er frå tre til seks meter breie, og det burde gje nok breidde for alle skientusiastar. Spidsberg fortel om ei rivande utvikling. Før i tida tråkka ein skiløypa sjølv før snøskuteren og sporsettar overtok. I 1983 kjøpte dei si fyrste løypemaskin før dei nyleg gjekk til innkjøp av dei to nemnde maskinane.

- Ei skjult perle

Med 14 - 15 mil med preppa løyper er Venabygdsfjellet blant dei finaste skiområda i Norge, meiner Spidsberg.

- Men det er blant Norges best løynde hemmelegheiter. Ein av grunnane til at Venabygdsfjellet ikkje er blant dei mest kjende er fordi vi ikkje har nokre kjendisar som har hytte her, seier Spidsberg.

Han peikar på at løypenettet er godt organisert og har sine tradisjonar bak til 50-talet.

- Det var Arvid Tvete frå Venabu som la grunnlaget for eit profesjonelt løypenett. Her kan du variere kor langt du vil gå etter dagsform og vær. Du finn ikkje mange skidestinasjonar som har like stabilt vinterklima som Venabygdsfjellet, seier Spidsberg.

Alt kostar

Men alt har sin prislapp. Eit løypenett med så mange mil kjem ikkje av seg sjølv.

Spidsberg fortel at dei i dag har ei god ordning med ein eigen organisasjon som er ansvarlege for løypepreparering og innbetalingar.

- Venabygdsfjellets turskiløyper sa har ansvaret og består av representantar frå kommunen, grunneigarar, hytteeigarar og turistbedriftene.

Han fortel at det i området er omtrent 1.000 hytter og det er anbefalt at desse betaler eit årleg bidrag på 750 kroner.

- Dette er ei frivillig ordning, men da får dei også eit godt løypenett heile vinteren. Kommunen og turistbedriftene er også med på spleiselaget, seier Spidsberg.

Han fortel at ynskja budsjett for preparering av skiløyper er på rundt ein million kroner.

- I andre land i Europa blir løypekøyring finansiert med såkalla løypetakst. Det vil si at dei som bruker løypene betaler ein viss sum kvar gong dei går i dei. Det verkar som om det er ok å betale tre hundre kroner for ein dag i bakken, men å betale for å gå i topp preparerte løyper synest verre å få forståing for, seier Spidsberg.

...

Peer Gynt- stemnet starter i morgen

Trekkspell og tullprat gjenoppstår

- se klipp fra Trønder og Døl her

Tre røykskadd i to branner

SkeiGausdal Tre personer måtte legebehandles, to på sykehuset, etter to hyttebranner i natt. Les mer

TIPS OSS

Telefon: 977 21 000
SMS: GDTIPS + mld til 2097
MMS: GDTIPS + mld til 2097
E-post: hyttepuls@gd.no

KONTAKT OSS

Telefon 61 22 10 00
Besøksadr: Jernbanegt. 13, Lillehammer
Postadr: Postboks 954, 2604 Lillehammer

LEDELSEN

Ansvarlig redaktør: Kristian Skullerud
Nyhetsredaktør: Anne Stokke
Adm. direktør Jon Kristiansen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.