Dennis Storhøi strålte i premiera av årets Peer Gynt.
|
Knut Storvik
E-post
|
|
| Publisert 29.07.2010 kl 00:05 Oppdatert 29.07.2010 kl 09:40 |
Mykje står og fell ved personen som spelar Peer Gynt i framsyninga ved Gålåvatnet. I akt ein er Peer heile tida i fokus og derfor er det viktig at hovudpersonen er opplagt og viser speleglede.
Det gjer Dennis Storhøi i rolla som Peer Gynt.
Ein strålande opplagt Storhøi virkar sjølvsikker og trygg i si rolle som eventyraren Peer Gynt under opningsframsyninga onsdag kveld på Gålå. Det sette publikum tydelegvis pris på i den fine kveldssola der dei smålo av Peers stormanngalskap og løgner.
Amfien på Gålå var nesten full og det var ei blanding av ein eldre garde og fleire barnefamiliar å skimte. Ifølge yr.no er det meldt lågtrykk til helga – om amfien fortsatt fylles opp også i dei komande dagane vil tida vise.
Natur og kultur saman
For dei som har vore og sett Peer Gynt før er det ikkje så mykje nytt som kan skimtast, iallfall ikkje i akt ein. Men scenesettinga er litt annleis og spesielt i Dovregubbens hall legg du merkbart auge til noko nytt. Til dømes er dansen til Dovregubbens dotter av det nye. Når det er sagt er det ei oppleving å få med seg Peer Gynt ved Gålåvatnet.
Noko av slagordet til Peer Gynt as er at kulturen skal spele på lag med naturen. Det gjer den til gagns i vakre omgjevnader ved Gålåvatnet.
Charlotte Frogner har uttalt at det er ein risikosport å ta over etter Mari Maurstad i rolla som Ingrid, den grønkledde og Anitra. Latterkulane frå publikum tyda på at debutanten spelte si rolle som den grønkledde på ein framifrå måte.
- Fornøgd med opninga
Dagleg leiar i Peer Gynt as, Eli Blakstad, var fornøgd med opninga av Peer Gynt-stemnet.
- Eg er glad for at været foreløpig er på vår side og tykkjer dagen har gått meget bra, seier Blakstad.
Ho vart positivt overraska over kor mange som valte å kome på opninga av stemnet på ettermiddagen, der til dømes Dissimilis fekk overrekt prisen som årets Peer Gynt.
- Samtidig er eg nøgd med at vi kan tilby ei betre totalpakke med turmoglegheiter i nærområdet, seier Blakstad.
HafjellØyer Lasse Kjus satser 21 millioner på sveistiske franc. Hytta og huset er sikkerhet for investeringene. Les mer
Peer Gynt- stemnet starter i morgen
- se klipp fra Trønder og Døl her