Nå er Fronsbadet ope for alle.
| Publisert 22.02.2010 kl 19:28 Oppdatert 23.02.2010 kl 10:23 |
- Skikkeleg fett, er dommen frå Magnus Austad Løkken (13), Sivert Steen (14) og Stian Ripsrud (14) om Fronsbadet.
Presis klokka 16:00 opna Fronsbadet dørene for fyrste gong og dei tre gutane frå Stange var dei fyrste som kom inn. Med det vart dei smått historiske.
- Er jo ganske spesielt å vere dei fyrste inne, seier gutane.
41 personar
I løpet av dei fyrste tjue minutta kom det 41 personar inn dørene, mest småbarnsfamiliar. Kameratgjengen frå Stange som er på vinterferie i Sør-Fron kommune er ikkje i tvil om kva som frista mest av ein kald skitur og eit varmt bad.
- Er ikkje så verst å sitje i boblebadet når det er så kaldt ute, seier gutane.
Den som fekk æra av å gå gjennom inngangen fyrst var Magnus Austad Løkken.
Peer Gynt- stemnet starter i morgen
- se klipp fra Trønder og Døl her
SkeiGausdal Tre personer måtte legebehandles, to på sykehuset, etter to hyttebranner i natt. Les mer